Statsforvalteren
Bokmål
Nynorsk
Logg inn
Kristkyrkja på Stord
Tros- og livssynssamfunn
Vigsler, forstandere og seremoniledere
Tilskuddsstatistikk
Informasjon
Kristkyrkja på Stord
Kristendom
Sist bekreftet: 16.01.2026
Organisasjonsnummer
971243953
Fylke
Vestland
Statsforvalter
Statsforvalteren i Agder
Registrert dato
29.12.2022
Vigselsmyndighetsdato
08.02.1995
Aktiv
Ja
×
Registreringsgrunnlag
Beskriv religionen eller livssynet som tros- eller livssynssamfunnet bygger på:
Me er eit evangelisk luthersk kyrkjesamfunnn som legg vekt på frelse ved tru på Jesus Kristus åleine. Grunnprinsippa er: Bibelen åleine er norm for lære og liv. Kristus er den einaste som kan frelsa. Denne frelsa kan berre mottakast ved å tru.
Hvilken lære og hvilket verdigrunnlag har samfunnet?
I tillegg til det me har skrive om i førre tekstboks, ser me på verda som skapt av Gud og at menneska har ansvar for å ta vare på denne. Difor er menneske skapt i Guds bilete, dvs som hans representantar på jorda. Men både Bibelen, historia og samtida syner oss at menneske er ein skapning som har falle ut av den gode samanheng, og treng frelse frå Gud og fornying ved hans Ande. Vår etiske tenkning byggjer på dei ti boda i 2.Mosebok 20, det doble kjærleiksbodet i Matteusevangeliet kap 22,34-40 og gjensidighetsprinsippet slik dette er formulert i Matteusevangeliet 7,12, også kalla "den gylne regel."
Hvilke tros- eller livssynsaktiviteter har dette samfunnet? Beskriv:
Me feirar gudsteneste om søndagane, har bibelgrupper midt i vekene, er jamnleg ute på gater og torg med varm mat og drikke samt evangeliseringsmateriell og me støttar diverse misjons og veldedighetsprosjekt.
Har samfunnet egne aktiviteter eller opplæring som er rettet mot barn og unge? Gi en kort beskrivelse av innholdet, omfanget og formen av tilbudene:
Annankvar gudsteneste er barnegudsteneste. Utanom har me ei eiga bibelgruppe for barn, og me har konfirmasjonsundervisning dei åra me har ungdommar i rett alder. På barnegudstenestene er barna aktivt med, konfirmasjonsundervisninga baserer seg på sentrale dogmatiske og etiske emner og tekstar som ungdommane må førebu seg på, og samlingane er basert på samtale i gruppe. Det er mykje sang knytta til alle våre arrangement.
Har samfunnet egen opplæring for voksne? Beskriv hvilken type opplæring:
Opplæringa for voksne er basert på studium av Bibelen i grupper.
Driver tros- eller livssynssamfunnet annet arbeid eller andre aktiviteter? Beskriv her:
Ikkje ut over det som er nemd ovafor.
Hvordan er samfunnet organisert, og hvordan styres samfunnet? I tillegg til å gi en beskrivelse av dette, kan dere også laste opp samfunnets vedtekter (eller liknende).
Menighetsmøtet, der alle medlemmene har røysterett, er kyrkjelyden sitt høgaste vedtaksføre organ. Eldsterådet har det åndelege ansvaret og tilsynet med kyrkjelyden. Diakonrådet har hovudansvar for dei økonomiske og dei praktiske oppgåvene, og for organisera omsorgstenesta. Eldsterådet og diakonrådet utgjer kyrkjelydsrådet, og i vår kyrkjelyd er det dette organet som i praksis styrer kyrkjelyden.
Hvor i landet har samfunnet sin utbredelse? Forklar kort her:
Me er å finna på Stord og på Sotra. Det finst enkeltmedlemmer også i andre kommunar.
Samfunnets rutiner for inn- og utmelding og vilkår for medlemskap:
Barn blir medlemmer av kyrkjelyden ved dåp. Barn under 15 år blir medlemmer når begge foreldrene melder seg inn. Unge over 15 år kan fritt melda seg ut. Vilkår for medlemskap for dei som melder seg inn er at dei er døypte med kristen dåp (eller dei blir tekne opp ved dåp), og at dei har ei personleg kristen tru.
På vegne av mitt samfunn kan jeg opplyse at det følger disse rutinene:
Melder personer som har fylt 15 år, seg selv inn i eller ut av samfunnet?
Ja
Er det den eller de som har foreldreansvaret, som melder barn under 15 år inn i eller ut av samfunnet?
Ja
Tros- eller livssynssamfunnet aksepterer alltid skriftlig utmelding.
Ja
Har tros- eller livssynssamfunnet egne vilkår for medlemskap? Hvis ja, beskriv dem kort her. Skriv "Nei", hvis samfunnet ikke har egne vilkår for medlemskap.
Folk kan melda seg inn i Kristkyrkja dersom dei er døypte med kristen dåp og har ei presonleg tru på Jesus Kristus som Herre og frelsar. Dei kan, som nemnt over, bli medlemmer ved dåp.
På hvilken måte kan man melde seg inn i tros- eller livssynssamfunnet? Forklar kort her:
Dei kan melda seg inn munnleg eller skriftleg. Dersom me ikkje kjenner personen frå før, ber me gjerne pastoren om å få ein samtale. Når alle naudsynte personalia er komne inn, blir det nye medlemmet formelt teken opp under ei gudsteneste.
Tros- eller livssynssamfunnet skal føre register over sine medlemmer.
Ja
Inneholder medlemsregisteret dato for inn- og utmeldinger?
Ja
Kontaktinformasjon
Kristkyrkja på Stord
Trodlahaugen 25
5412 STORD
Telefon:
47415864
Vigsler
Navn
Godkjent
Fylke
Aktiv
Navn
Fylke
Medlems- og tilskuddshistorikk
Graf
Tabell
År
Medlemmer
Tilskudd
2025
97
kr 150 738,00
2024
98
kr 146 608,00
2023
100
kr 141 900,00
2022
100
kr 135 300,00
2021
96
kr 125 760,00
Tilbake til liste
×
Endringslogg
×
Endringslogg