Statsforvalteren
Bokmål
Nynorsk
Logg inn
Kristent Fellesskap Sotra/øygarden
Tros- og livssynssamfunn
Vigsler, forstandere og seremoniledere
Tilskuddsstatistikk
Informasjon
Kristent Fellesskap Sotra/øygarden
Kristendom
Sist bekreftet: 16.02.2026
Organisasjonsnummer
880928082
Fylke
Vestland
Statsforvalter
Statsforvalteren i Agder
Registrert dato
29.12.2022
Vigselsmyndighetsdato
15.05.1996
Aktiv
Ja
×
Registreringsgrunnlag
Beskriv religionen eller livssynet som tros- eller livssynssamfunnet bygger på:
Evangelisk kristendom Vi trur på ein treeinig Gud, Fader, son og Den heilage ande som ved Jesus Kristus forsonar menneske med Gud gjennom sin død og oppstode frå dei døde.
Hvilken lære og hvilket verdigrunnlag har samfunnet?
Vi finn trusgrunnlaget vårt i den Apostoliske trusvedkjenning og Lausannepakta Den apostoliske trusvedkjenninga: «Eg trur på Gud Fader, den allmektige som skapte himmel og jord Eg trur på Jesus Kristus, Guds einbårne son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande, fødd av jomfru Maria, pint under Pontius Pilatus, krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp fra dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud den allmektige, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den heilage ande, ei heilag allmenn kyrkje, samfunnet av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda frå dei døde og evig liv". Vi ser Bibelen, slik den blir forstått i lys av desse vedkjenningsskriftene som vår autoritet for liv og lære.
Hvilke tros- eller livssynsaktiviteter har dette samfunnet? Beskriv:
Vi har offentlege gudstenester/møter, opne for alle. Der har vi også søndagsskule for barna med tre ulike aldersgrupper. Medlemmene har også samlingar i heimane, for å byggja vennskap, gode sosiale forhold og åndeleg støtte i truslivet. Desse er også opne for alle som vil ta imot invitasjonen til å vera med. Det er også fast bønnesamling for dei som ønskjer å ta del. Menigheten er særleg involvert i å arrangera Nyttårsfestivalen i samarbeid med andre forsamlingar. Dette er eit rusfritt tiltak med brei invitasjon og som samlar mellom 150 og 200 unge siste delen av romjula. Folk i menigheten er aktive når det gjeld å hjelpa trengjande i lokalsamfunnet. Vi ser dette som eit ansvar basert på Guds kjærleik til menneska rundt oss.
Har samfunnet egne aktiviteter eller opplæring som er rettet mot barn og unge? Gi en kort beskrivelse av innholdet, omfanget og formen av tilbudene:
Som nevnt ovanfor har vi gudstenester med søndagsskule for barn i tre ulike aldersgrupper. For dei alle minste er dette helst leik og aktivitetar, med sang, dans etc. Elles er det forteljingar frå Bibelen, forklaring av evangeliet om Jesus, Guds kjærleik til alle, mennesket sin verdi som skapt av Gud, om tilgjeving og det å tilgje kvarandre og læra Guds nåde å kjenna. Av og til har vi familiegudstenester der alt er på barnegruppene sine premissar. Som oftast blir det innøving og framsyning av bibelhistorier, der heile forsamlinga er med å spelar teater og der bodskapen gjerne blir oppsummert til slutt. Vi har ikkje eige arbeid for ungdom, men samarbeider med Kristent Fellesskap Bergen om dette. Vi ordnar transport for våre ungdomar slik at dei kan vera med på Velvet sine fredagssamlingar i Bergen. Slik blir det eit mykje større miljø for dei få unge i vår forsamling å knyta vennskap og relasjonar i. Vi har også hatt felles konfirmanarbeid med KF Bergen, fordi vi har hatt få konfirmantar sjølve, men ettersom vi no får fleire, vurderer vi å laga eige opplegg for desse.
Har samfunnet egen opplæring for voksne? Beskriv hvilken type opplæring:
På gudstenestene vil det vera bibelundervisning i form av foresdrag på rundt ein halv time. I "Cellegruppene" (samlingar i heimane i mindre grupper på 8-14 menneske) vil opplegget for opplæring vera ulikt. Dette styrer gruppene sjølv. Ofte er det gjennomgang av bøker i Bibelen i samtaleform, andre gongar vil det vera samtale rundt undervisning som har blitt gitt på gudstenestene eller konferansar vi har vore på. I Januar 2023, startar vi Alpha-kurs, eit kurs med invitasjon til alle som ønskjer meir informasjon/innføring i kva kristendommen går ut på Kurskvelden her består av kveldsmåltid, foredrag og samtalegrupper og har 11 kurskveldar i tillegg til ei weekendsamling
Driver tros- eller livssynssamfunnet annet arbeid eller andre aktiviteter? Beskriv her:
Menigheten driv ikkje næringsverksemd. Ein stor del av menighetens medlemmer er praktiske folk med ei sterk "dugnadsånd". Vi brukar mykje fritid på forefallande vedlikehaldsarbeid på Gullbotn Konferansesenter, som er eigd av Kristent Nettverk og Kristent Fellesskap Bergen. Samman brukar vi denne leirstaden til barneleirar, konferansar og aktivitetar for unge, opphald for skuleklasser i nærmiljøet, konfirmantleirar fra fleire ulike samanhengar etc. Vi hjelper også dei i lokalmiljøet som vi ser treng praktisk hjelp med ulike ting. Det kan vera malingsarbeid, hagearbeid eller anna vedlikehald for eldre eller folk med helseutfordringar eller familiar i vanskelege økonomiske situasjonar. Alt arbeid blir utført utan vederlag.
Hvordan er samfunnet organisert, og hvordan styres samfunnet? I tillegg til å gi en beskrivelse av dette, kan dere også laste opp samfunnets vedtekter (eller liknende).
For å skildra leiarskapet for forsamlinga, brukar vi dei bibelske termane "eldste og diakonar". Desse kan ha ulike ansvarsområde, men arbeider i team. I dag består leiarteamet av seks kvinner og menn. I tillegg har ulike områder av forsamlingslivet sine eigne leiarar/ansvarlege, til dømes cellegrupper, lovsangsteam, barnearbeid). Det vi kallar eldste vil formelt utgjera styret for menigheten.
Hvor i landet har samfunnet sin utbredelse? Forklar kort her:
Forsamlinga sine medlemmer vil i stor grad vera busett i Øygarden Kommune. Men vi har også nokre få medlemmer som for tida er busett i andre kommunar.
Samfunnets rutiner for inn- og utmelding og vilkår for medlemskap:
Innmelding skjer i ein samtale med ein av dei eldste eller ein representant for desse. I denne samtalen fyller vi og ut eit skjema med personleg informasjon for føring av medlemsprotokollen (medlemsregisteret) Det mest vanlege ved utmelding, er at vedkomande gir melding om dette på e-post eller direkte på telefon/samtale til forstandar eller ein av dei eldste. Vilkår for medlemskap er at ein vedkjenner seg den kristne trua og har eit personleg ønskje om å leva i samsvar med bibelens rettleiing.
På vegne av mitt samfunn kan jeg opplyse at det følger disse rutinene:
Melder personer som har fylt 15 år, seg selv inn i eller ut av samfunnet?
Ja
Er det den eller de som har foreldreansvaret, som melder barn under 15 år inn i eller ut av samfunnet?
Ja
Tros- eller livssynssamfunnet aksepterer alltid skriftlig utmelding.
Ja
Har tros- eller livssynssamfunnet egne vilkår for medlemskap? Hvis ja, beskriv dem kort her. Skriv "Nei", hvis samfunnet ikke har egne vilkår for medlemskap.
Medlemskap byggjer på personleg tru, omvending, dåp og eit ønskje om å leva i samsvar med den rettleiing som Bibelen gir.
På hvilken måte kan man melde seg inn i tros- eller livssynssamfunnet? Forklar kort her:
Innmelding skjer gjennom ein samtale med ein av dei eldste i menigheten. Vi har også eit skjema for personopplysning som grunnlag for nødvendig føring av menighetsprotokoll og personnummer for søknad om offentleg støtte.
Tros- eller livssynssamfunnet skal føre register over sine medlemmer.
Ja
Inneholder medlemsregisteret dato for inn- og utmeldinger?
Ja
Kontaktinformasjon
Kristent Fellesskap Sotra/øygarden
Postboks 162
5342 STRAUME
Telefon:
92058448
Vigsler
Navn
Godkjent
Fylke
Aktiv
Navn
Fylke
Medlems- og tilskuddshistorikk
Graf
Tabell
År
Medlemmer
Tilskudd
2025
94
kr 146 076,00
2024
90
kr 134 640,00
2023
87
kr 123 453,00
2022
79
kr 106 887,00
2021
80
kr 104 800,00
Tilbake til liste
×
Endringslogg
×
Endringslogg